Om oss

AKTIVfysikalske er ein klinikk der me ønsker at fysisk aktivitet skal vera i fokus. Me ønsker å legge til rette for at ein kan trene og gjere øvingar med dei helseutfordringar ein har. Her tilbyr me ei aktiv tilnærming til fysioterapi. Me trur at ein aktiv livsstil er nøkkelen til ei god helse, derfor er vårt fokus å hjelpe deg med å oppnå det.

Ved klinikken arbeider Hildegunn, Linda Mari og Anna. Hildegunn har dei fleste administrative oppgåvene og er ei god hjelp for pasientane i treningssalen. Linda Mari og Anna er autoriserte fysioterapeutar. Begge terapeutane har driftsavtale med Bømlo kommune. Det inneber at pasienten betalar eigenandel inntil frikortgrensa er nådd. Pasientar under 16 år og personar med godkjent yrkesskade frå NAV får dekka alle utgifter ved behandling.

Det er som regel noko ventetid for å komme til ved klinikken. Har du behov for å kome raskt i gang med behandling, eller har helseforsikring kan du ta kontakt med dei heilprivate terapeutane, dei har kortare ventetid.